Kjos kyrkje
Utsjånad
Kjos kyrkje stod ved garden Øvre Kjos (gnr. 33) nordvest for Brandbu tettstad i Gran kommune i Innlandet fylke. Soknet er omtala på 1300-talet, men på 1500-talet var kyrkja anneks til Tingelstad. I 1570-åra vert det fortalt at kyrkjegodset til Kjos er lagt under Tingelstad og inventaret overført til Hamar domkyrkje.[1] Jens Nilssøn stadfestar i sin visitasrapport (1594) at kyrkja er ute av bruk.[2] Kallsboka frå 1732 omtalar kyrkja som ei trekirke — truleg ei stavkyrkje — som framleis står, men i 1743 melder sokneprest Hannibal Hammer at kyrkja er borte.[3] Nicolay Nicolaysen[4] hevdar: «Paa Øvre Kjos stod tilforn en kirke eller et kapel af stavverk.» Delar av ein portalplanke vart observert på garden i 1811, men er sidan forsvunnen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Hadeland. Bygdenes historie 1. 1932. s. 266–267.
- Jan Brendalsmo: Kildegjennomgang: Middelalderske kirkesteder i Oppland (Riksantikvaren, 2015), s. 87
- Kjos kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
- Denne artikkelen bygger på «Kjos kirke» frå Wikipedia på bokmål, den 21. september 2020.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Sigurd Kolsrud, red. (1929). Oslo og Hamar bispedømes jordebok 1574–1577 (Povel Huitfeldts stiftsbok). Oslo. s. 190.
- ↑ Yngvar Nielsen (1885), red. (1981). Biskop Jens Nilssøns visitatsbøger og reiseoptegnelser 1574–1597. Carl Zakariasson. s. 285.
- ↑ Hadeland. Bygdenes historie 1, s. 267.
- ↑ Nicolay Nicolaysen (1862). Norske fornlevninger: En oplysende fortegnelse over Norges fortidslevninger, ældre en reformationen og henførte til hver sit sted. Kristiania. s. 134.