Klas Lestander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klas Lestander


Statsborgarskap Sverige
Fødd 18. april 1931
Arjeplog
Død

13. januar 2023 (91 år)
Arjeplog

Idrett skiskyting
Tok del i

biathlon at the 1960 Winter Olympics – men's 20 kilometre

Utmerkingar

olympisk gullmedalje

Klas Ivar Wilhelm Lestander (18. april 193113. januar 2023) var ein svensk skiskyttar og snikkar, frå Arjeplog i Norrbottens län. Han overraska ved å vinne gullmedaljen i skiskyting under Vinter-OL 1960 i Squaw Valley.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Lestander var ein av få utøvarar som deltok i prøve-OL 1959 i Squaw Valley. Året etter var han på plass i OL-løypa, der han med sitt mausergevær trefte blink med alle 20 skota på 20-kilometer. Trass i at han berre hadde 15. beste langrennstid av dei 30 deltakarne, vann han tevlinga med 2 minutt til gode på finske Antti Tyrväinen. Året etter kom Lestander på niandeplass i VM i skiskyting 1961 i Umeå.

Lestander lukkast aldri verte svensk meister. Han var aktiv fram til 1965.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]