Umeå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 63°49′41.714″N 20°15′29.167″E

Umeå cirka år 1700
Sentrale Umeå sett frå Hamrinsberget
Vänortsparken

Umeå er ein svensk by som ligg i Västerbottens län i Västerbotten. Han ligg ved utløpet av Ume älv i Bottenviken og er administrasjonssenter både for Västerbottens län og Umeå kommun. Bykjernen Umeå har 79 594 innbyggjarar (31. desember 2010), medan kommunen har rundt 110 000 innbyggjarar.

Umeå er ein viktig industristad med trevare- og treforedlingsindustri, karosserifabrikk og meir. Umeå er eit viktig handelssentrum og kommunikasjonsknutepunkt for jernbane og E4. Hamna i byen ligg i Holmsund, 18 km søraust for sentrum. Frå her er det ferjesamband til Vasa i Finland. Her er ein innanriksflyplass.

Umeå universitet, det nordlegaste i Sverige, vart grunnlagt 1963. I tillegg ligg her kunsthøgskule og andre skular, Norrlandsoperan, fleire museum, eit regionssjukehus, regionkontor for Sveriges Radio og Sveriges Television.

Umeå fekk bystatus i 1588 av Johan III av Sverige. Harstad er den norske venskapsbyen. Andre venskapsbyer er Vasa i Finland, Helsingør i Danmark, Würzburg i Tyskland, Petrozavodsk i Russland, Saskatoon i Canada og Oxford i England.

Ein brann 25. juni 1888 øydela nesten heile byen. Ingen menneske omkom i brannen, men kring 2 300 av 3 000 innbyggjarar i byen blei heimlause.

Det nordlegaste av dei tre statlege arkiva for innsamling av tradisjonsstoff i Sverige ligg i Umeå (Dialekt-, ortnamns- och folkminnesarkivet i Umeå (DAUM)).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]