Kloning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kloning er å lage ein heilt identisk kopi av noko levande. Det er fleire forskjellige måtar å klone ting på. Når ein klonar genar tar ein litt av ein DNA bete og set den inn ei bakterie. Kloning av celler skjer ved at ein nesten kopierer naturleg celledeling (mitose). Det er ein prosess som skjer heile tida for å skifte ut kroppen sine gamle celler. Kloning av plantar er heilt naturleg. Knollar på poteter og stiklingar på bærbuskar er faktisk kloning.

Når ein klonar dyr er det 2 måtar det kan gjerast på. 1. Embryosplitting. Det er ein teknikk der ein tar og splittar opp embryoet i eit egg etter befruktning, heilt opp til 8 celledelar. Denne teknikken er kjend og vert brukt til å avle fram fleire eksemplar av eit godt arvemateriale. 2. Kjerneoverføring. Ein teknikk der ein tar kjernen ut frå egget, og set inn ei celle frå det individet ein vil klone. Denne metoden er komplisert og i dei aller fleste av forsøka endar det med at fosteret døyr, eller får store misdanningar. Ein har ikkje greidd å klone alle dyr ved kjerneoverføring. Dei dyra ein har klart å klone er sau, ku, mus, gris og geit. 5. juli 1996 vart lammet Dolly fødd på Roslin-instituttet i Skottland. Dolly var det første dyret som var klona av ei celle frå eit vaksent dyr. Då ein klona Dolly vart kjerneoverføring nytta.

Kloning av menneske er eit omdiskutert tema. Viss ein skulle klone eit menneske måtte ein brukt terapeutisk kloning. Det er å klone menneskeceller med eit mål om å lage stamceller som kan gje opphav til cellevev, noko som og kanskje kan brukast til å lækje alvorlege sjukdommar. Det er endå ikkje vorte klona eit menneske i verda, men nokre forskarar har sagt at dei har som mål å klone menneske.

Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.