Kneling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Fire knelande menn måla av Pieter van der Plas, circa 1647

Kneling er ei nedsenkt kropsstilling der eit eller begge knea rører bakken. Ho kan brukast til ei rekkje ulike føremål, som ei kvilande stilling, til å uttrykka høgtid, respekt eller underkasting, eller i samband med ulike aktivitetar.

Det finst ulike variantar av stillinga. Ho kan vera symmetrisk, med begge knea i bakken, eller asymmetrisk, med eit kne i bakken og det andre meir løfta, som når ein sit på huk. Ho kan minna meir om ståing, med opprett kropp og lår, eller sitjing, der låra kviler på dei bøygde føtene. Vidare kan ein kvila foten på bakken slik at fotsålen vender oppover, eller setja tærne i bakken slik at ein eller begge fotsålane vender bakover.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Love's Greeting (ca. 1861) av Dante Gabriel Rossetti

Kneling med eit kne i bakken og den andre foten i bakken med kneet opp kan brukast til ulike handlingar, som friing eller skyting.[1]

Kneling med begge knea og føtene kvilande på bakken er ei vanleg sitjestilling som mellom anna er utbreidd i Japan,[2] der ho har det formelle namnet seiza.

Ein finn døme på kneling i samband med fleire former for religionsutøving. Det er del av den muslimske bønestillinga.[2] I fleire kristne samfunn kneler ein også ved bøn, eller når ein tek imot nattverd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hewes 1955, s. 240-241.
  2. 2,0 2,1 Hewes 1955, s. 240.