Knockeyon
Knockeyon | |||
fjell | |||
Knockeyon ein morgon med tåke
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Westmeath | ||
Fjellkjede | Westmeath Hills | ||
Høgd | 215 moh. | ||
Primærfaktor | 197 m | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
![]() Knockeyon | |||
Wikimedia Commons: Knockeyon | |||
Knockeyon (irsk Cnoic Eoghain) er ein ås i County Westmeath i Republikken Irland. Han ruvar i dei omliggande områda, som har mange innsjøar. Åsen ligg mellom Lough Lene og Lough Derravaragh og frå her har ein utsyn over dei nordlege områda av Leinster.
Halvvegs oppe i åssida ligg ruinane av eit gamalt kapell, bygd av St. Cauragh og tileigna St. Eyon. Kapellet vart skjert ut i naturstein og ein meiner at det aldri hadde noko tak. Ved sida av kapellet ligg ruinane av brønnen St. Cauragh's Well, og det vert sagt at vatnet i brønne har mirakuløse eigenskapar. Sjå Lough Derravaragh for fleire detaljar om soga.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Knockeyon» frå Wikipedia på engelsk, den 21. oktober 2007.