Lough Derravaragh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lough Derravaragh
innsjø
Knockeyon 07.jpg
Lough Derravarragh og Knockeyon
Land Flag of Ireland.svg Irland
Fylke County Westmeath
Innsjøtype Lough
Tilsig Inny
Utløp Inny
Koordinatar 53°38′0″N 7°21′0″WKoordinatar: 53°38′0″N 7°21′0″W

Lough Derravaragh
53°37′0″ N 7°21′0″ W
Wikimedia Commons: Lough Derravaragh

Lough Derravaragh er ein innsjø (på engelsk lough) i County Westmeath i Republikken Irland. Han ligg nord for Mullingar mellom Castlepollard, Collinstown, Crookedwood og Multyfarnham. Knockeyon er ein ås på 214 moh og det høgaste punktet i Westmeath. Han ligg like søraust for innsjøen og dominerer det omliggande landskapet.

Elva Inny renn gjenom Lough Derravaragh frå Lough Sheelin på veg mot elva Shannon. Innsjøen er ein populær stad for fisking og vassport.

Segn[endre | endre wikiteksten]

Lough Derravaragh er mest kjend for tilknytinga si til den irske segna om borna av Lir (irsk Oidheadh Chlainne Lir). I følgje segna vart dei fire borna av Kong Lir omskapte til svanar og var i 300 år ved Lough Derravaragh før dei flytta til sunda ved Moyle i 300 år (mellom Irland og Skottland) og så 300 år i Atlanterhavet ved Erris og Innisglory. Trolldomen ville enda då ei kvinne frå sør gifta seg med ein mann frå nord.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I åssida til Knockeyon, St. Eyon-åsen, ligg ruinane etter eit gamalt kapell, som vart bygd til St. Eyon. Kapellet vart skore ut av grunnfjellet. Ved sida av kapellet ligg St. Cauragh's Well (St. Cauragh-brønnen) og vatnet her hadde visstnok mirakuløse evner. Segna skal ha det til at St. Cauragh vart kasta ut frå Kellsklosteret av St. Columbcille på grunn av disiplinbrot. Han vandra så omkring på landsbygda før han kom til Knockeyon. Her ønska St. Cauragh å vere resten av livet, be til Gud og faste. Han vart så alvorleg sjuk, og då han var døyande bad han til gud om ein drope vatn til å kvele tørsten. Etter ei stund høyrte han lyden av drypande vatn. Han haldt ut handa, drakk av vatnet og vart frisk. Som følgje av dette bygde han kapellet.

I mellomalderen kom tusenvis av menneske til brønnen den første søndagen i innhaustinga, på det som vart kalla Cauragh Sunday . Etter pilegrimsturen var over slo alle til stades seg ned på ei grøn slette ved foten av åsen der musikarar spelte Fleadh Cheoil og alle åt, drakk og dansa.

Aust for Lough Derravaragh, i åsane Ranaghan, ligg det fleire ringfort frå steinalderen.

Vikingen Thorgest, kjend for å erobre Dublin, hadde òg eigedommar i nærleiken, sørvest for Lough Lene.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]