Knut Knudsen
Knut Knudsen | |
Fødd | 12. oktober 1950 Levanger |
Yrke | sykkelryttar |
Knut Knudsen på Commons |
Knut Knudsen (fødd 12. oktober 1950 i Levanger) er ein norsk tidlegare proffsyklist og olympisk meister som representerte IL Sverre.
Knudsen vann 4 000 meter forfølgingsritt på bane i SOMMER-OL 1972 og i VM 1973. Han vann NM elleve gonger, og har to kongepokalar. Han sykla profesjonelt i Italia frå 1974 til 1981 og vann seks etappesigrar i Giro d'Italia. I tillegg til etappesigrar i Giro d'Italia sykla han ved to høve, i 1975 og i 1981, med den rosa leiartrøya i det prestisjefylte rittet. Han vart kåra til verdas beste temporytter av to av dei største sportsmagasina i verda frå 1979 til 1981.[1] Til saman vann han 49 proffsigrar.
Etter OL-gullet i 1972 vart Knudsen tildelt Morgenbladets gullmedalje, Fearnleys olympiske ærespris og Sportsjournalistenes statuett som årets idrettsnamn i Noreg. Statuetten som årets idrettsnamn fekk han òg det påfølgjande året for VM-sigeren.
I 1977 gav han ut boka På hjul med K.K. saman med Torbjørn Børte.
Viktige sigrar[endre | endre wikiteksten]
- 1978
- Trofeo Laigueglia
- Trofeo Baracchi
- 1979
- Giro del Trentino
- Tirreno-Adriatico
- 1980
- GP Eddy Merckx
- 1981
- GP Eddy Merckx
Referansar[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Knut Knudsen» frå Wikipedia på bokmål, den 4. desember 2017.