Sportsjournalistenes statuett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sportsjournalistenes statuett er ein pris som sidan 1948 årleg har vorte delt ut av Norske sportsjournalisters forbund til «Årets idrettsnamn» i Noreg.

Statuetten kan tildelast same utøvar eller lag fleire gongar. Om så er får vinnaren ingen ny statuett, men eit gravert merke til å feste på statuettsokkelen. Grete Waitz fekk prisen fire gongar, medan Stein Eriksen, Sverre Strandli, Knut Knudsen, Ingrid Kristiansen, Johann Olav Koss, Bjørn Dæhlie, Andreas Thorkildsen, Ole Einar Bjørndalen og Petter Northug kvar har vorte tildelt statuetten to gongar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]