Końskowola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Końskowola
Styresmakter
Land
Voivodskap
Polen
Lublin Voivodskap
Grunnlagd
Byrettar
Før 1392
1532-1872
Geografi
Flatevidd 89,63 km²
Flatevidd
 - By

9,8 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

2 188
  223/km²
Koordinatar 51°25′″N 22°03′″EKoordinatar: 51°25′″N 22°03′″E
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +48 81
Bilnummer LPU
Plassering

Końskowola er ein landsby søraust i Polen mellom Puławy og Lublin, nær Kurów ved elva Kurówka. Byen ligg i Puławy fylke i Lublin Voivodskap, og hadde i 2004 litt over 2 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart sannsynlegvis grunnlagd ein gong på 1200-talet med namnet Witowska Wola, men på 1300-talet vart namnet endra til Konińskawola. Byen fekk byrettar i 1532.

Etter den tredje delinga av Polen i 1795 vart byen annektert av Austerriket. I 1809 vart han ein del av Hertugdømet Warszawa, men alt i 1815 kom han inn under Kongedømet Polen. Etter januaropprøret i 1870 mista byen byrettane sine, og fekk dei aldri igjen. Under den russiske revolusjonen i 1905 vart det organisert mange demonstrasjonar og solidaritetsstreikar her. Sidan 1918 vart byen igjen ein del av Polen.

Under den andre verdskrigen 15. september 1939 vart Końskowola teken av tyske troppar og okkupert. Tyskarane sette opp ein leir for krigsfangar og ein konsentrasjonsleir for slavearbeid i byen. Leiren for krigsfangar vart raskt lagt ned, medan konsentrasjonsleiren var i drift ut 1943. Dei innsatte arbeida for tyskarane på gardar eller med å byggje vegar og jernbanar.

Det vart oppretta ein getto i byen der mange grupper av jødar vart plassert, inkludert mange jødar frå Slovakia. 8. mai 1942 førte nazistane mange av jødane til utryddingsleiren Sobibór. I oktober 1942 var heile folkesetnaden i gettoen avretta då tyske troppar tok 800-1000 jødar, inkludert kvinner og born, til ein skog i nærleiken og drap dei. Resten av innbyggjarane i gettoen vart ført til ein annan leir.

Den raude arméen nærma seg sommaren 1944 planla tyskarane å brenne ned byen. 25. juli 1944 måtte dei tyske okkupasjonsstyrkane ut i kamp mot den polske Armia Krajowa og dei polske partisanarane Bataliony Chłopskie. Då Den raude arméen kom til byen vart tyskarane drivne bort.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]