Hopp til innhald

Slovakia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den slovakiske republikken
Slovenská Republika
Adjektiv: slovakisk
Motto Ikkje noko
Nasjonaldag 1. september
Nasjonalsong «Nad Tatrou sa blýska»
Hovudstad Bratislava
Offisielle språk slovakisk
   Minoritetsspråk bulgarsk, tsjekkisk, kroatisk, ungarsk, tysk, polsk, romani, russisk, rutensk, serbisk, ukrainsk
Flatevidd 49 033,720839 km²
   vatn nær 0 % km²
Folketal 5 409 407 (31. desember 2025)[1]
Historie  
   Delinga av
     Tsjekkoslovakia
1. januar 1993
Styresett Parlamentarisk republikk[2]
   President Peter Pellegrini
   Statsminister Robert Fico
BNP 118 656 591 909 US-dollar (2021)[3]
HDI 0,848 (2021)[4]
Gini 23,2 (2019)[5]
Tidssone UTC +1
   Sommartid UTC +2
Valuta Euro
Telefonkode +421
ISO 3166-kode SK
Toppnivådomene .sk
Wikimedia Commons: Slovakia

Slovakia,[a] offisielt Den slovakiske republikken,[b] er eit land i Sentral-Europa med over 5,5 millionar innbyggjarar fordelt på om lag 49 000 km².[6][7] Det grensar til Tsjekkia og Austerrike i vest, Polen i nord, Ukraina i aust og Ungarn i sør. Den største byen er hovudstaden, Bratislava. Slovakia er medlemsland i Den europeiske unionen, NATO, OECD, WTO, UNESCO og andre internasjonale organisasjonar.

Det slaviske folket kom til området som i dag er Slovakia på 400- og 500-talet, under folkevandringstida. I løpet av historia har Slovakia høyrt til Samo-riket (den første kjende politiske eininga til slavarane), Stor-Mähren, Kongedømet Ungarn, Habsburgmonarkiet, Austerrike-Ungarn og Tsjekkoslovakia. Dagens Slovakia vart ein sjølvstendig stat den 1. januar 1993 etter den fredelege delinga av Tsjekkoslovakia under fløyelsrevolusjonen. I lag med Tsjekkia var landet det siste i Europa som fekk sjølvstende på 1900-talet.

Slovakia har den raskast veksande økonomien i EU og OECD (2007).[8] Landet vart medlem av EU i 2004 og eurosona i 2009.

Eit topografisk kart over Slovakia
For meir om dette emnet, sjå Slovakisk geografi.
Slovakisk landskap i Store Fatra

Det slovakiske landskapet er hovudsakleg kjend for fjella, med Karpatane som den dominerande fjellkjeda som strekkjer seg langs det meste av den nordlege halvdelen av landet. I desse fjella finn ein dei høge fjelltoppane i Tatrafjella. I nord, nær grensa til Polen, ligg Høge Tatra, eit populært skiområde med mange vakre innsjøar og dalar, samt det høgaste fjellet i Slovakiak, Gerlachovský štít på 2655 meter over havet. Her ligg òg eit nasjonalsymbol for Slovakia, fjellet Kriváň.

Dei største slovakiske elvane er Donau, Váh og Hron. Tisa markerer 5 km av landegrensa mellom Slovakia og Ungarn.

Det slovakiske klimaet ligg mellom den tempererte og den kontinentale klimasonen med relativt varme somrar og kalde, skya og fuktige vintrar. Området i Slovakia er delt inn i tre klimasoner: Dei varmaste låglanda i sør, dei meir varierte bekkena sentralt i landet og fjellklimaet i nord.

Kart over Slovakia

Det noverande Slovakia var ein del av Kongeriket Ungarn, og av det sameinte keisarlege og kongelege monarkiet Austerrike-Ungarn fram til 1918, då det vart ein del av den nye staten Tsjekkoslovakia. Slovakia vart uppretta som eigen stat fyrste gong i 1939 som fylgje av Münchenavtalen, og landet var i forbund med Tyskland under krigen. I 1945 vart landet igjen ein del av det gjenupprettede Tsjekkoslovakia, som var kommunistisk styrt og under sterk innflyt frå Sovjetunionen fram til 1989. Etter sovjetunionens fall vart staten Slovakia gjenuppretta 1. januar 1993. Slovakia vart medlem av den europeiske union i mai 2004.

Folkesetnad

[endre | endre wikiteksten]

Størstedelen av dei som bur i Slovakia er slovakiske (86 %), ungararane (10 %) er det største mindretalet, andre mindretal er romafolk, tsjekkarar, tyskarar, ukrainarar og polakkar.

Den slovakiske grunnlova gjev religonsfridom. Størsteparten av slovakaren høyrer til den romersk-katolkse kyrkja, medan det største mindretalet er protestantar. I tillegg bur det 120 000 jødar i landet.

Det offisielle tungemålet er slovakisk men i nokre område nyttar ein òg ungarsk.

Befolkningsstatistikk (10 år)[9]
År1995200520152025
Antal personar5 367 7905 389 1805 426 2525 409 407
Forskjell +0,39 % +0,68 % −0,31 %
Befolkningsstatistikk[9]
År20242025
Antal personar5 419 4515 409 407
Forskjell−0,18 %
  1. slovakisk Slovensko
  2. slovakisk Slovenská republika
  1. Počet obyvateľov podľa pohlavia - SR-oblasť-kraj-okres, m-v (ročne) [om7102rr] (på slovakisk), Bratislava: Statistical Office of the Slovak Republic, 31. mars 2026, Wikidata Q134207026, henta 1. april 2026
  2. «Slovakiet» (på dansk). Den europeiske unionen. Henta 12. august 2026.
  3. . Verdsbanken https://data.worldbank.org/indicator/NY.GDP.MKTP.CD. Henta 26. august 2023.
  4. Human Development Report. 2022 https://hdr.undp.org/data-center/human-development-index#/indicies/HDI.
  5. https://data.worldbank.org/indicator/SI.POV.GINI.
  6. «Slovakia» i Store norske leksikon, snl.no.
  7. Lund, Henrik. «Slovakiet» (på dansk). Lex på lex.dk. Henta 12. august 2026.
  8. Verdsbanken, 2007
  9. 1 2 «Počet obyvateľov podľa pohlavia - obce (ročne) [om7102rr_obce=AREAS_SK]». Statistical Office of the Slovak Republic. 31. mars 2026. Henta 31. mars 2026.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Slovakia