Koboltblå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Koboltblå
 

HTML-farge#0047AB
sRGBB  (rgb)(0, 71, 171)
CMYKH   (c, m, y, k)(100, 58, 0, 33)
HSV       (h, s, v)(215°, 100%, 67%)
B: Normalisert til [0–255] (byte)
H: Normalisert til [0–100] (hundre)

Koboltblå er ein kjølig, lett bleik blåfarge, som historisk vart utvunne frå mineralet kobolt.

BlaafarveværketModum i Noreg var under Benjamin Wegner si leiing i første del av 1800-talet verdas største produsent av koboltblått. Fargen vart mykje nytta i glas- og porselensmåling og i papirindustrien (til bleiking av papir). Alt på 1700-talet vart den eksportert til Kina og Japan av Blaafarveværket. Koboltblått er mykje nytta av kunstnarar. Fargen er særs stabil. I folketrua er kobolt ofte knytt til det underjordiske og dvergar som bur i fjell og undergrunnen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]