Kobozja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kobozja
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 2 660 km²
Lengd 184 km
Middelvassføring 19,5 /s
Kjelde Belikojesjøen
Munning Mologa
Kart
Kobozja
58°51′42″N 36°17′10″E / 58.86166667°N 36.28611111°E / 58.86166667; 36.28611111

Kobozja (russisk Кобожа) er ei elv i Novgorod og Vologda oblast i Russland og ei av sideelvane til Mologa frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Elva er 184 km lang og har eit nedslagsfelt på 2 660 km². Middelvassføringa hennar er 19,5 m³/s.

Landsbyen Kabozja ligg ved elva. Dei største sideelvane hennar er Levotsjka og Tsjornaja frå høgre.

Kobozja spring ut frå Belikojesjøen aust i Novgorod oblast og munnar ut i Mologu like ovanfor byen Ustjuzjna. Elva renn først nordover gjennom skogområde og er 10-15 meter brei. Ei demning er bygd over elva ved Kabozja. I nedre del er Kobozja vorte 30-40 meter brei og breidda er meir prega av grassletter og sand. I munningen ligg øya Kobozji Mologe.

Elva er ei populær turistelv for både fisking og vassport.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]