Kognitive vitskapar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kognitive vitskapar er eit vidt felt av vitskapar som handlar om korleis kognitive prosessar skjer i hjernen. Feltet inkluderer nevrolingvistikk, kognitiv psykologi, logikk, filosofi (t.d. sinnsfilosofi), nevrologi og informatikk (spesielt kunstig intelligens).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei kognitive vitskapane blei først samla til eit (relativt) einskapleg felt etter midten av 1900-talet, med opprettinga av hjerneforskingsstudiar ved Harvard og Noam Chomsky si refutering av behaviorismen1950-talet [1], som opna for nye retningar innanfor lingvistikk og filosofi, t.d. funksjonalismen. Men dei enkelte felta har kvar sine eigne lange historier.

I 1970-åra fekk hjerneforskarane brått mykje betre tilhøve for å studere hjernefunksjonane på levande, vakne menneske. Magnetresonanstomografi, CT-skan og andre metodar som tok i bruk ny teknologi gav ein stor auke i både tids- og bileteoppløysing, noko som gav ei rekkje nye moglegheitar for meir eller mindre gode forskningseksperiment.

1990-åra er blitt kalla "Hjernen sitt tiår" med bakgrunn i all den nye kunnskapen som kom frå dei forskjellige kognitive vitskapane i dei åra. Det var særleg vidareutviklinga av biletteknikkane som førte til utvikling. Ved nyvinningar som PET, fMRI og MEG fekk ein no direkte vindauge inn til hjerneaktivitetane.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.