Koherens

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koherens tyder «samstemt». Omgrepet vert nytta i samband med bølgjer. Koherente bølgjer er to eller fleire bølgjer som inneheld frekvenskomponentar som er i fase (alle bølgjemaksima i same punkt).

Bølgjene kan innehalda berre ein frekvens (vera monokromatiske), eller dei kan innehalda mange harmonisk relaterte frekvenskomponentar. Bølgjer som inneheld berre ein frekvens vert kalla monokromatiske, spesielt i samband med høgfrekvente elektromagnetiske bølgjer (lysbølger). Kontinuerleg laserlys er eit typisk døme på monokromatiske koherente bølgjer. Pulsa laserlys, derimot, er koherent, men ikkje monokromatisk, etter som av/på-svistjinga er sprangfunksjonar med svært stor bandbreidd. Bølger kan òg vera monokromatisk (ha same frekvens), men likevel vera inkoherente, ettersom bølgjene kan ha forskjellig fase. Kvitt lys er alltid inkoherent, dels fordi bølgjefasane er ulike, dels fordi kvitt lys består av stråling av mange ulike bølgjelengder.

Det motsette av koherens er tilfeldig støy, som til dømes termisk støy.

Sine waves same phase.png

a) Bølgjene har same fase og frekvens (koherent monokromatisk)

Sine waves different phase.png

b) Bølgjene har same frekvens, men ulike fasar (monokromatisk)

Sine waves different frequencies.png

c) Bølgjene har ulik frekvens og ulike fasar (inkoherent)

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]