Hopp til innhald

Kohesjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvikksølv dreg seg saman grunna kohesjon

Kohesjon eller bindekraft er ein kraftverknad som kjem av tiltrekning mellom like molekylar. Kohesjon forklarar slike effektar som overflatespenning. Kvikksølv er eit metall med sterk kohesjon og formar dropar i staden for å flyte utover. Diamanten sin hardleik er eit anna eksempel på sterk kohesjon mellom karbonatomar i ein krystallstruktur. Kapillarkrefter (hårrørsverknad) i plantar vert forklart som ein kombinasjon av kohesjon og adhesjon.

Kohesjon brukast også om eksplisitt markerte samanhengar i ein tekst (grammatikk). Det vert skilt mellom to typar kohesjon: setningskopling som er ei gruppe ord som bind setningar saman, og referentkopling som brukast om samanbinding av enkeltord og frasar som referer til noko eller nokonMotset av kohesjon har vi koherens, som er implisitt samanheng i ein tekst.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.