Koifjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koifjorden er ein fjord på nordaustsida av Nordkinnhalvøya i Gamvik kommune i Finnmark. Fjorden strekkjer seg 6 km sørover til Innervalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Skalangsneset i vest og Sandfjordneset i aust. Vest for Skalangsneset ligg Risfjorden og aust for Sandfjordneset ligg Sandfjorden Koiøya ligg midt i innløpet til fjorden. I den indre delen av fjorden ligg det spreidde bustader, men desse har ikkje vegsamband. Koordinatar: 70°59′13.225″N 28°14′5.5068″E