Koinsidens
Hopp til navigering
Hopp til søk
Koninsidens eller samantreff er hendingar som kan opptre på same stad eller på same tid.
Koinsidens i geometri eller romleg koinsidens vert nytta om to figurar som dekker kvarande.
Konsidens i fysikk vert vanlegvis nytta om hendingar som skjer samstundes, tids-koinsidens. Det vert særleg nytta i elementærpartikkelfysikk og kjernefysikk.
Tilknytte ord er koinsident, som tyder samanfallande eller overeinsstemmande, og koinsidere som tyder å falle saman eller samantreffe.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- koinsidens. (2011-12-31) I Store norske leksikon. Henta frå http://snl.no/koinsidens