Kollektbøn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Ei kollektbøn eller kollektbønn er ei bøn som samlar opp temaet for gudstenesta. I den tradisjonelle liturgien i Den norske kyrkja kom kollektbøna i innleiinga av gudstenesta, etter Gloria. Etter liturgireforma frå 1. søndag i advent 2011, er kollektbøna eit valfritt ledd.

Kollektbøna varierer frå søndag til søndag, og skal gjenspeigle dagens bodskap. I liturgien for langfredag og bots- og bededag er det inga kollektbøn. Dagar som pinseaftan, 1. mai, 17. mai, jonsok, olsok, hausttakkefest og julaftan har òg eigne kollektbøner.

Dei eldste kollektbønene har bakgrunn i Missale Romanum. Dei er svært generelle. Kollektbønene som Veit Dietrich har skrive er fyldigare og meir spesielle. Kollektbønene som vert bruka i Den norske kyrkja byggjer på desse. Vi finn kollektbønene for kvar søndag i bøker med preiketekstane gjennom kyrkjeåret. Alle bønene endar med den faste vendinga «han som med deg og Den Heilage Ande lever og råder, ein sann Gud frå æve og til æve.»

Kjelde[endre | endre wikiteksten]