Kyrkjeåret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Liturgiske fargar i kyrkjeåret
  1. sundag i advent
  2. s. i advent
  3. s. i advent
  4. s. i advent
  Julaftan, julenatt
  Juledag
  Andre juledag
  Sundag etter jul
  Nyårsnatt
  Nyårsdag (Jesu namnedag)
  Kristi openberringsdag
  1. s. etter Kristi openberringsdag
  2. s. etter Kristi openberringsdag
  3. s. etter Kristi openberringsdag
  4. s. etter Kristi openberringsdag
  5. s. etter Kristi openberringsdag
  Vingardssundagen
  Såmannssundagen
  Kristi forklåringsdag
  Fastelavnssundag
  Oskeonsdag
  1. s. i faste
  2. s. i faste
  3. s. i faste
  Midtfaste
  5. s. i faste
  Maria bodskapsdag
  Palmesundag
  Skjærtorsdag
  Langfredag
  Påskenatt
  Påskedag
  2. påskedag
  1. s. etter påske
  2. s. etter påske
  3. s. etter påske
  4. s. etter påske
  5. s. etter påske
  Helgetorsdag
  6. s. etter påske
  Pinseaftan
  Pinsedag
  2. pinsedag
  Treeiningssundag
  2. s. etter pinse
  3. s. etter pinse
  4. s. etter pinse
  5. s. etter pinse
  Aposteldagen
  7. s. etter pinse
  8. s. etter pinse
  9. s. etter pinse
  10. s. etter pinse
  11. s. etter pinse
  12. s. etter pinse
  13. s. etter pinse
  14. s. etter pinse
  15. s. etter pinse
  16. s. etter pinse
  17. s. etter pinse
  18. s. etter pinse
  19. s. etter pinse
  20. s. etter pinse
  21. s. etter pinse
  22. s. etter pinse
  Bots- og bededag
  Helgemessesundag
  23. s. etter pinse
  24. s. etter pinse
  25. s. etter pinse
  26. s. etter pinse
  27. s. etter pinse
  Siste sundag i kyrkjeåret

Kyrkjeåret er ei inndeling av året ut frå høgtidene i kristendommen. Kyrkjeeåret startar første sundag i advent. Det er fastsett utvalde bibelske tekstar til kvar sundag og helgedag i kyrkjeåret. Slike tekstar er òg fastsett for nokre gudstenestedagar som ikkje er offentlege helgedagar (sett i kursiv i tabellen til høgre).

Kyrkjeåret og kalenderen[endre | endre wikiteksten]

Heilagdagane frå fastelavn og ut kyrkjeåret er for ein stor del styrt av tidspunktet for påske. Påskedagdag fell «fyrste sundag etter fyrste fullmåne etter vårjamndøgn». Utrekninga har variert noko mellom ulike land, mellom anna valde Danmark-Noreg å følgje dei astronomiske tidspunkta for vårjamndøgn og fullmåne i perioden 1700-1776, framfor å følgje liturgisk påske, som vert utrekna etter ein særskilt formel, «påskeformelen».

Somme heilagdagar, slik som juledagane, følgjer dato. Andre heilagdagar fell på søndagar ut frå dato, slik som helgemess, som er lagd til fyste søndag i november.

1. mai, 17. mai fell på faste datoar. Det gjer òg jonsok, olsok og mikkelsmesse, men desse dagane er ikkje lenger offentlege helgedagar, sjølv om det kan vere gudstenester i mange kyrkjer desse dagane. Talet på kyrkjelege helgedagar vart redusert frå 1771 gjennom festdagsreduksjonen.

Liturgiske fargar gjennom kyrkjeåret[endre | endre wikiteksten]

I oldkyrkja brukte dei kvite liturgiske klede. Slik var det òg inn i mellomalderen. Etterkvart byrja dei bruke svarte klede i sorgsituasjonar. Lenger ut i mellomalderen byrja dei bruke messeklede i ulike fargar, og frå 1100-talet kom det reglar om fargebruken og vekslinga mellom kyrkjeårstidene. Dei liturgiske fargane ver melom anna bruka på messehakelen og stolaen.

Frå om lag år 1200 vart det vanleg med fire liturgiske hovedfargar: Kvitt, raudt, fiolett og grønt.

Ved høgmesser og andre gudstenester på sundagar og andre helgedagar følgjer den liturgiske fargen kyrkjeåret, unntatt ved ordinasjon, vigsling og kyrkjejubileum som alltid har raudt som liturgisk farge.

Ved kyrkjelge handlingar utanom ordinær gudstenete vert fargane brukte slik:

Ved dåp
Kvitt eller kyrkjeårstidsfargen
Ved konfirmasjon
Raudt eller kvitt eller fargen for kyrkjeårstida
Ved brurevigsel
Kvitt
Ved gravferd
Fiolett
Ved skriftemål
Fiolett
Ved sørgjegudstenester
Fiolett
1. og 17. mai
Grønt eller fargen for kyrkjeårstida.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]