Kolmule
Utsjånad
| Kolmule | |
Kolmule | |
| Utbreiing | |
Utbreiinga av kolmule | |
| Systematikk | |
| Rike: | Dyr Animalia |
| Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
| Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
| Orden: | Torskefisk Gadiformes |
| Familie: | Torskefamilien Gadidae |
| Underfamilie: | Gadinae |
| Slekt: | Micromesistius |
| Art: | Kolmule M. poutassou |
| Vitskapleg namn | |
| Micromesistius poutassou | |
Kolmule (Micromesistius poutassou) er ein fisk i torskefamilien. Han lever på 200-500 m djupne, og kan bli opptil 50 cm lang. Utbreiingsområdet dekkjer Nord-Atlanteren frå Marokko i sør til Svalbard og Island i nord. Det viktigaste gyteområdet er eggakanten vest for Dei britiske øyane. Ein finn òg ein liten kolmulebestand mellom Canada og Grønland, og i Middelhavet. Levande kolmule er eit sjeldan syn i Noreg, men ein kan fanga han med line.

Kolmulen er ein viktig industrifisk som blir brukt til fiskemjøl og olje. I 2003-2004 var han Noregs største fiskeri. Fisket pågår hovudsakleg om våren vest for Dei britiske øyane der kolmulen gyt, og gjennom året i Norskerenna.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Havforskingsinstituttet: Havets ressurser og miljø 2009[daud lenkje]
- Havforskingsinstituttet si infoside om kolmulen Arkivert 2009-05-24 ved Wayback Machine.
- Norges fiskerier[daud lenkje]
- Kolmule på fiskeri.no
- Kolmule på FishBase (på engelsk)
- The Marine Fauna Gallery of Norway: bilete av levande kolmule Arkivert 2007-12-22 ved Wayback Machine.