Torskefisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Torskefisk


Torsk
Torsk

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Gadiformes
Vitskapleg namn
Gadiformes

Torskefisk (Gadiformes) er ein orden beinfisk som er utbreidd i alle hav. Arten lake lever dessutan i ferskvatn. Gruppa omfattar særs mange viktige matfisk; i tillegg til torsk høyrer m.a. sei, lyr, hyse og alaskatheragra til ordenen.

Dei fleste torskefiskane lever i kaldt vatn på den nordlege halvkula.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste artane torskefisk har bukfinnar, og dei er alltid plassert framfor eller lateralt like under brystfinnane. Ryggfinnen er lang, og ofte delt i to eller fleire delar. Alle manglar ekte finnestrålar. Flesteparten av dei har ein eller fleire skjeggtråder under kjaken, men nokre av dei (til dømes sei) manglar dette.

Det er stor variasjon i storleik hjå dei ulike torskefiskane. Den største arten, torsk, kan verta opptil halvannan meter lang med ei vekt på meir enn 50 kg, medan andre artar sjeldan veks stort lengre enn 15 cm.

Alle unnateke to slekter har symjeblære, og denne er utan samband med svelget.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]