Koltur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Færøyane med namn på øyane

Koltur er ei av øyane som utgjer Færøyane, øya ligg sentralt vest for Streymoy og nord for Hestur.

Koltur er den minste av dei folkesette øyane på Færøyane. I 1980-åra vart øya forlaten av sauebøndene som hadde beite på den sørlege delen av øya. Øya var utan fastbuande mellom 1989 og 1990, til eit par frå Kirkjubøur slo seg ned.

Det er ikkje lenger ferjesamband med Koltur, men tre gonger for veka går ei helikopterrute innom. Det fastbuande paret tilbyr overnatting på garden Koltursgarður.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]