Kometen Holmes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
17P/Holmes
17pHolmes 071104 eder vga.jpgKometen Holmes den 4. november 2007, med ein blå hale til høgre. Bilete teken frå Ungarn.
Oppdaging
Oppdaga dato 6. november 1892
Alternative namn: 1892 V1; 1892 III;
1892f; 1899 L1;
1899 II; 1899d;
1906 III; 1906f;
1964 O1; 1964 X;
1964i; 1972 I;
1971b; 1979 IV;
1979f; 1986 V;
1986f; 1993 VII;
1993i
BaneelementA
Epoke 14. august 2015 (JD 2454400.5)
Aphel (Q) 5.183610 AU
Perihel (q) 2.053218 AU
Store halvakse (a) 3.618414 AU
Eksentrisitet (e) 0.432564
Førre perihel 27. mars 2014[1][2]
May 4, 2007[1]
Neste perihel 19. februar 2021[3]

Holmes eller 17P/Holmes er ein komet som var synleg for det nakne auga 24. oktober 2007, då han hadde utbrot, den mest lyssterke det tiåret. To dagar tidlegare var kometen 40 000 gonger svakare enn dei svakaste stjernene som ein kan sjå med det nakne auga. 1. november, då han var på det største, var han sju gonger meir lyssterk enn Jupiter. Sjølve kometkjernen vart rekna å vere kring 3,4 km i diameter. Avstanden til jorda var ca. 200 millionar km, det vil sei, 1,5 gonger avstanden mellom jorda og sola.

Kometen Holmes er ein såkalla periodisk komet. Han har ein bane som fører han inn i solsystemet med jamne mellomrom, med ein periode på knapt sju år.

Kometen 17P/Holmes, 2. november 2007

Holmes hadde ingen klassisk komethale. Den første veka etter utbrotet hadde han rettnok utvikla ein diffus hale ein kunne observerte i infraraudt lys, og var avbilda på fotoopptak med lang eksponeringstid. Men denne halen hadde ikkje rett retning, det vil sei bort frå sola. Den 8. november falt halen av.

Kometen Holmes vart oppdaga 6. november 1892 av briten Edwin Holmes i London, og kometen er namnsett etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Seiichi Yoshida (2009-04-12). «17P/Holmes». Seiichi Yoshida's Comet Catalog. http://www.aerith.net/comet/catalog/0017P/index.html. Henta 13. juni 2016. 
  2. Syuichi Nakano (2011-05-19). «17P/Holmes (NK 2100)». OAA Computing and Minor Planet Sections. http://www.oaa.gr.jp/~oaacs/nk/nk2100.htm. Henta 13. juni 2016. 
  3. «17P/Holmes Orbit». Minor Planet Sentral. http://www.minorplanetcenter.net/db_search/show_object?object_id=17P. Henta 13. juni 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kometen Holmes