Kommunaleiningar i Hellas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ei kommunaleining (gresk δημοτική ενότητα, dimotikí enótita) er ei administrativ inndeling i Hellas. Etter den administrative reforma i 2010[1] er landet delt inn i 13 periferiar, som igjen er delt inn i 74 periferieiningar. Innanfor kvar periferieining er talet på kommunar kraftig redusert. Mange av kommunane er delte inn i mindre kommunaleiningar, som svarer til dei tidlegare kommunane.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.