Komplett.no Arena

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Komplett.no Arena
Adresse Nygårdsveien 82,
3221 Sandefjord
Brukarar Sandefjord Fotball
Underlag Naturgras
Kapasitet Ca. 9 000
Pris 100 mill. NOK
Historiske årstal
Påbegynt
2006
Opna
2007
Stengt

Komplett.no Arena er heimebanen til Sandefjord Fotball. Han opna 21. juli 2007 med heimekamp mot Lyn. Stadionet erstatta Storstadion, som tidlegare var heimebanen til Sandefjord Fotball.

Første målscorar på Komplett.no Arena var Kari Arkivuo då han breisida ballen i mål frå 5 meter etter 18 minutt.

Stadionnamnet er leigd i 10 år av nettbutikken Komplett.no for 15 millionar kroner. Arenaen har ein publikumskapasitet på totalt 9 000, dei aller fleste under tak. Det er òg utvidingshøve på begge kortsidene som kan nyttast seinare for ytterlegare å auke kapasiteten til i alt 12 500.

Den foreløpige tilskodarrekorden på 8 103 var ved opningskampen mot Lyn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 59°8′22.33″N 10°10′41.33″E