Lyn Fotball

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Fotballklubben Lyn)
Gå til: navigering, søk
Lyn Fotball
Fullt namn Lyn Fotball
Kallenamn Lyn
Kort namn Lyn
Grunnlagd 3. mars 1896
Heimebane Ullevaal Stadion, Oslo
(Kapasitet: 25 572 sete)
Styreformann Sveinung Lunde
Klubbdirektør Erik Langerud
Hovudtrenar Kent Bergersen
Liga Adeccoligaen
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Lyn Fotball er eit norsk idrettslag med heimebane i Oslo. Idrettslaget vart stifta den 3. mars 1896. FK Lyn Oslo er ein del av allianseidrettslaget Ski- og Fotballklubben Lyn, saman med Lyn Ski (skiidrett) og Lyn Fotball (breiddefotball).

Lyn har først og fremst gjort seg gjeldande innan fotball og skiidrett. Lyn var tidleg ein av dei beste fotballklubbane i Noreg. Lyn var ein av klubbane som arbeidde for oppretting av Norges Fotballforbund (oppretta 1902).

På fotballsida kan klubben skilta med 8 cupmesterskap (1908, 1909, 1910, 1911, 1945, 1946, 1967 og 1968), og to seriemeisterskap (1964 og 1968).

Av kjende fotballspelarar kan nemnast: Arne Brustad, Øivind Holmsen, Fredrik Horn, Magnar Isaksen, Jørgen Juve og Frithjof Ulleberg. Desse seks var med og tok OL-bronse for Noreg i 1936. På laget som vann både serie og cup i 1968 var Harald «Dutte» Berg og Ola Dybwad-Olsen sentrale spelarar.

Eit av høgdepunkta i klubbhistorien kom i 1968 då laget tok seg til kvartfinalen i Cupvinnarcupen og gjekk på eit knipent tap.

Klubben sin kanskje fremste skilaupar er Ivar Formo. Han tok tok OL-gull i 1976. Mellom mange gode skihopparar kan særleg nemnast Arne Hoel (NM i 1956, Holmenkollen-vinnar i 1949, 1951, 1959 og i ekstrarennet 1954).

Lyn sin supporterklubb heiter «Bastionen» og vart stifta i 1992.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]