Konflikten i Nord-Irland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Konflikten i Nord-Irland (på engelsk kjend som The Troubles) var ein politisk, nasjonalistisk og etno-religiøs konflikt i Nord-Irland. Konflikten oppstod på slutten av 1960-talet og blei formelt avslutta med Belfast-avtalen den 10. april 1998. Eit hovudelement i konflikten var om Nord-Irland skulle fortsetja å vera del av Storbritannia, slik protestantiske unionistar og britiske styresmakter ville, eller bli ein del av Republikken Irland, slik katolske republikanarar kravde. Han hadde også bakgrunn i diskriminering mot katolikkar og den lange kampen for irsk sjølvstende frå Storbritannia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]