Kongsfjorden på Svalbard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kongsfjorden sett frå Blomstrandhalvøya

Kongsfjorden er ein 24 km lang fjord på vestkysten av SpitsbergenSvalbard. Han har felles munning med Krossfjorden, munningen ligg mellom Kvadehuken og Kapp Mitra. På sørvestsida av Kongsfjorden ligg Brøggerhalvøya, med fjelltoppar rundt 6–800 meter. Det ligg sju brear innover på sørvestsida, alle endar på land. Midtvegs inne ligg Norsk Polarinstitutt sin forskingsstasjon i Ny-Ålesund, der det tidlegare blei drive kolgruvedrift. I Ny-Ålesund er det ein lufthamn.

Tvers over fjorden for Ny-Ålesund ligg Blomstrandhalvøya med Blomstrandbreen, som har brefrontar ut i sjøen på båe sider av halvøya. Halvøya snevrar fjorden inn til halv breidd. Lengre inn ligg Kongsbreen med svære brefrontar ut i sjøen rundt Ossian Sars-fjellet (362 m). Rundt to mil opp i breen ligg fjelltoppane Tre kroner (Svea, Nora og Dana) opp i 1200 meters høgd. Dette området blir rekna som eit av dei vakraste på Svalbard.

Nanmet er Kongsfjorden ei norsk omsetjing av det engelske namnet Kings Bay.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

  • Den norske los, vol. 7, 2 utg. (Stavanger: Norges sjøkartverk og Norsk polarinstitutt, 1990).
  • The Place-names of Svalbard Norsk polarinstitutt 1942/2001 ISBN 82-90307-82-9

Koordinatar: 78°59′56″N 11°45′41″E

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.