Konjunktivitt
Konjunktivitt eller augekatarr er ein inflammasjon av konjunktiva i auga. Det er den klart vanlegaste augesjukdommen og alvorsgraden kan vere frå heilt ufarleg til synstruande. Han består i ein inflammasjon av konjuktiva, og kan delast inn etter utløysande årsak.
Innhaldsliste
Allergisk konjuktivitt[endre | endre wikiteksten]
Akutt[endre | endre wikiteksten]
Dette er det vanlege raude auge allergikarar får om dei kjem i kontakt med allergenar (kattehår, pollen etc.).
Kronisk[endre | endre wikiteksten]
Artar seg som dobbeltsidig raudt auge med kløe og renning. Kan oppstå ved særs uttalt allergi, og kan då vere sesongavhengig (pollensesong).
Infeksiøs konjunktivitt[endre | endre wikiteksten]
Amøboid[endre | endre wikiteksten]
Sjeldan årsak til konjuktivitt i Noreg, men kan vere veldig alvorleg.
Bakteriell[endre | endre wikiteksten]
Alvorleg form for konjuktivitt som krev behandling. Mogelege agens er Pseudomonas aeruginosa, Neisseria Gonorrhéa og Chlamydia tracomatis (dei to siste hos barn ved smitte frå fødselskanalen - sjeldan).
Er i dag sjeldne former for bakterielle konjunktivittar. Kan oppstå hos nyfødde barn om mødre har ein genital infeksjon. I byrjinga av 1800-talet var desse infeksjonane langt vanlegare, og ein dryppet alle nyfødde med lapisdråpar i augo (Credés profylakse).
Viral[endre | endre wikiteksten]
Den vanlegaste og minst alvorlege forma for infeksiøs konjunktivitt. Vanleg epidemi i barnehagar, og vil som regel ikkje trenge behandling.
Irritativ konjunktivitt[endre | endre wikiteksten]
Mekanisk[endre | endre wikiteksten]
Framandlekamar i auga kan irritere og gje konjunktivitt. Ved langvarig irritasjon kan dei gje epitelskadar.
Toksisk[endre | endre wikiteksten]
Kjemiske stoff (syrer, baser, vaskemiddel etc.) som kjem i auge kan irritere og gje konjuntivitt.
Behandling[endre | endre wikiteksten]
Allergisk konjuktivitt[endre | endre wikiteksten]
Vert behandla med antihistamin (cetrizin) eller steroidar.
Infeksiøs konjunktivitt[endre | endre wikiteksten]
Bakterielle og amøboide vert behandla med antibiotika (chloramphenicol, erythromycin). Virale vert i utganspunktet ikkje behandla, men kan eventuelt behandlast med antivirale midlar (aciklovir).
Irritativ konjuntivitt[endre | endre wikiteksten]
Vert behandla ved å fjerne irriterande årsak (t.d. skylje auge, fjerne framandlekamen etc). Ved behov kan ein gje smertestillande augedropar (ibuprocain).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Konjunktivitt» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2008.
Helsemessige forhold | ||
---|---|---|
Bruk aldri helseinformasjon frå Internett, medrekna Wikipedia, utan å rådspørja helsepersonell. Informasjon på Wikipedia er ikkje naudsynlegvis sann, presis eller oppdatert. Hugs at Wikipedia er eit nettbasert leksikon som alle kan endre. Wikipedia er ikkje eit alternativ til profesjonell helsehjelp. Viss du treng medisinsk hjelp, venlegst ring ditt lokale nødnummer, eller rådfør deg med helsepersonell (lege, sjukepleiar, osb.). Sjå Wikipedia:Helsemessige forhold for meir informasjon. | ![]() |
|