Kontantstønad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kontantstønad er ei statleg ordning for utbetaling av pengar til småbornsforeldre som ikkje nytter statleg barnehage.

Noreg[endre | endre wikiteksten]

I Noreg vert kontantstønad gjeven til foreldre med born mellom eitt og to år som ikkje eller berre delvis nyttar barnehageplass med statleg driftstilskot. Kontantstønaden vart vedteken ved lov av 16. juni 1998.

Støttebeløpet blir fastsett av Stortinget og utgjer i 2014 5000 kroner per månad for born mellom 13 og 18 månader og 3303 kroner i månaden for born mellom 19 og 23 månader.

Dersom barnet går i deltids barnehage, blir det betala ut redusert kontantstønad. Stønaden er den same anten barnet lever saman med berre den eine av foreldrene eller begge. Som hovudregel blir kontantstønaden betalta ut til den som barnet bur fast saman med. Kontantstønaden blir administrert av NAV.

I mars 2005 vart det utbetalt kontantstønad for 72 921 eitt- og toåringar. Talet på mottakarar har gått ned i takt med at barnehagane er bygd ut. I 2014 var talet 20 846 same månad.

Historikk og politikk[endre | endre wikiteksten]

Kontantstønaden er politisk omstridd. Ordninga vart vedteken etter eit framlegg frå regjeringa Bondevik, men mot stemmene til Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Argumenta for kontantstønaden har vore å auke valfridomen i omsorgsformer for småborn, å gje småbarnsforeldre meir tid til samvær med eigne born og gjere overføringane frå staten meir like mellom familiar som bruker og ikkje bruker barnehagar med offentleg stønad.

Motstandarane av kontantstønaden hevdar at han svekkar likestillinga mellom kvinner og menn ved at yrkesdeltakinga til småbarnsmødre blir redusert, og at stønaden reduserer takta i utbygging av barnehagar.

Regjeringa Stoltenberg II reduserte kontantstøtnaden frå å gjelde fra eitt til tre år, til eitt til to.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]