Koróniasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koróniasjøen
innsjø
Koronia Lake 2008 and Agios Vasilios - seen from Chortiatis, Greece - 01.jpg
Land Flag of Greece.svg Hellas
Område Periferieininga Thessaloníki
Koordinatar 40°41′08″N 23°08′54″EKoordinatar: 40°41′08″N 23°08′54″E
Wikimedia Commons: Lake Koronia

Koróniasjøen (gresk Λίμνη Κορώνεια, Límni Korónia) er ein innsjø sentralt i Periferieininga Thessaloníki i området Mygdonía i Hellas. Innsjøen vert òg kalla Lagadásjøen eller Ájos Vasílios etter ein landsby med same namn. Han ligg nokre kilometer aust for byen Thessaloníki og på nordsida ligg Via Egnatia, medan den gamle hovudvegen ligg i sør.

For ein million år sidan var Koróniasjøen i lag med Vólvisjøen og heile det mygdoniske bekkenet ein stor innsjø. I løpet av alle desse åra krympa denne innsjøen og har nesten forsvunne til ei stor slette, ein prosess som framleis pågår. I 1970-åra var storleiken 450 km² og hadde eit djup på om lag 5 meter. I byrjinga på 2000-talet var arealet berre 100 km² og djupet var mellom 0,5 og 1 meter. Sommaren 2002 var vassnivået i innsjøen særs lågt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]