Kordofan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Kordofan i Sudan (grenser før 2011).

Kordofan eller Kurdufan er ein region i Sudan som ligg mellom Darfur i vest og Den kvite Nilen i aust. Det var tidlegare ein administrativ region på 380 255 km². I 1994 blei denne regionen delt inn i Nord-Kordofan, Sør-Kordofan og Vest-Kordofan. Den siste av desse blei i 2005 oppløyst og delt mellom dei to andre delstatane. Dei viktigaste byane i området er Umm Ruwabwa, Al-Ubayyid og An-Nahud.

Kordofan er stort sett prega av eit bølgjande slettelandskap som ligg kring 500 meter over havoverflata. Arabararsteppelandet i nord lever typisk av kvegavl, medan nubiarar og de andre folk på savannene i sør lever av jordbruk. Det blir mellom anna dyrka bomull, hirse, durra og gummi. Regionen har store erosjonsproblem, mellom anna på grunn av overbeiting.

Kordofan var lenge ein del av Sultanatet Sennar. På midten av 1700-talet erobra fyrstane i Darfur områet, og i 1821 blei det teke av Muhammed Ali frå Egypt. Fram til 1882 var Kordofan underlagt Egypt, deretter var det fram til 1899 styrt av mahdistar. Dei blei knuste av ein egyptisk-britisk gjenerobringshær under general William Hicks i 1883. Seinare hadde britane makta over området, og Kordofan udgjorde ein del av først den britiske kolonien og seinare den sjølvstendige staten Sudan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]