Arabarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Arabarane (arabisk عرب, ʻarab) er opphavleg ei etnisk gruppe frå Arabia som er vidt utbreidd i Midtausten og Nord-Afrika.

Kven er arabar?[endre | endre wikiteksten]

Definisjonen av kven som er arabar har tre hovudaspekt:

Kor viktig desse faktorane er, blir vurdert forskjellig av forskjellige grupper. Dei fleste menneske som reknar seg som arabarar gjer det på basis av dei overlappande politiske og lingvistiske definisjonane. Men nokre medlemer i grupper som oppfyller begge kriteria forkastar identiteten på basis av den genealogiske definisjonen. Eit eksempel er dei libanesiske maronittane som ofte avslår den arabiske merkelappen til fordel for ein smalare maronittisk nasjonalisme. Grupper som bruker eit ikkje-arabisk liturgisk språk, som koptarar i Egypt og assyrarar i Irak, vil ofte ikkje reknast som arabarar. Det er ikkje mange som vil rekne seg som arabarar på grunnlag av den politiske definisjonen utan den lingvistiske, derfor identifiserer vanlegvis ikkje kurdarar eller berbarar seg som arabarar, men nokre gjer det (f.eks er det nokre berbarar som reknar seg som arabarar, og arabiske nasjonalistar såg på kurdarane som arabarar).

Ein hadith av tvilsam autensitet [1] Arkivert 2006-02-20 ved Wayback Machine., gjenfortalt av Ibn Asakir i Târîkh Dimashq og tillagt av sin forteljar Salmân b. `Abd Allah til islams profet Muhammed, uttrykkjer ei vanleg kjensle i å erklære at:

«Å vere ein arabar er ikkje pga far din eller mor di, men å vere ein arabar er på grunnlag av tunga di. Dei som lærer arabisk, er ein arabar.»

Ifølgje Habib Hassan Touma (1996, p.xviii), er ein arabar, i den moderne betydninga av ordet, ein som er innfødd i ein arabisk stat, har kontroll over det arabiske språket og innehar ein fundamental kunnskap om arabiske tradisjonar, dvs manerane, skikkane og politiske og sosiale kultursystem.

Da den arabiske ligaen vart danna i 1946, definerte den ein «arabar» på følgjande måte:

«Ein arabar er ein person med arabisk språk, som lever i eit arabisktalande land, som sympatiserer med aspirasjonane til dei arabisktalande folka.»

Den genealogiske definisjonen var vidt utbreidd i mellomalderen. (Ibn Khaldun brukar f.eks. ikkje ordet arabar for å vise til «arabiserte» folkeslag, men berre til dei som opphavleg stamma frå Arabia), men er vanlegvis ikkje lenger rekna for å vere viktig.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Før islam, følgde dei fleste arabarane ein religion som inneheldt tilbeding av eit fleirtal guddomar, inkludert Hubal, Wadd, Allat, Manah og Uzza, mens nokre stammar hadde konvertert til kristendom eller jødedom og nokre få individ, hanifene, hadde tydelegvis forkasta polyteisme til fordel for ein vag monoteisme. Med ekspansjonen av islam, vart majoriteten av arabarane raskt muslimar og dei før-islamske polyteistiske tradisjonane forsvann.

I dag er dei fleste arabarane muslimar. Sunni islam dominerer i dei fleste områda, særleg i Nord-Afrika. Shia islam er i fleirtal i Bahrain, det sørlege Irak og tilgrensande delar av Saudi Arabia, det nordlege Yemen og sørlege Libanon, i tillegg til delar av Syria. Det litle druze-samfunnet, som høyrer til eit avspring av islam, er vanlegvis rekna som arabarar, men nokre gonger rekna som ein eigen etnisitet.

Sikre overslag på talet arabiske kristne, som uansett kjem an på definisjonen av «arabar», er sjeldne. Ifølgje Fargues 1998 Arkivert 2006-02-18 ved Wayback Machine., «utgjer dagens kristne berre 9,2 % av befolkninga i den nære austen. I Libanon, der dei utan tvil har mista sin posisjon som majoritet, utgjer dei litt meir enn 40%, i Syria er dei rundt 6,4%, i dei palestinske territoria er talet 3,8% og i Israel 2,1%. I Egypt utgjer dei 5,9 % av befolkninga og i Irak anslagsvis 2,9%.» Dei fleste nord- og latin-amerikanske arabarane (rundt to tredelar) er kristne arabarar, særleg frå Syria, Palestina og Libanon.

Arabisk-talande jødar (hovudsakleg mizrahi og sefardi) er vanlegvis ikkje rekna som arabarar. Dei få gjenverande jødane i den arabiske verda lever i delar av Irak, Syria, Egypt og Marokko. Dei fleste arabisk-talande jødane forlet heimane sine mellom 1940-åra og 1960-åra, etter opprettinga av staten Israel, og er no konsentrert hovudsakleg i Israel og Frankrike.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Første gongen ordet «arabar» dukka opp var i ein assyrisk inskripsjon frå 853 f.v.t., der Shalmaneser III listar opp kong Gindibu av mâtu arbâi (arabisk land) blant dei folka han sigra over i slaget om Karkar. Nokre av namna som vart lista opp i desse tekstane er arameiske, mens andre er dei første attestane på proto-arabiske dialektar. Den hebreiske bibelen viser på same måte nokre gonger til folk som blir kalla `arvi (eller variantar av dette) omsett som «arabisk» eller «arabar». Rekkjevidda av det hebreiske omgrepet på dette tidlege stadiet er uklart, men det ser ut til å ha referert til forskjellige ørken-buande stammar i den syriske ørkenen og Arabia. Den tidlegaste stadfesta bruken viser til dei sørlege «qahtanitt»-arabarane mykje seinare.

Proto-arabiske, dvs antikke nordlege arabiske tekstar, gir eit klarare bilde av arabarane sitt inntog i historia. Dei tidlegaste av desse tekstane er verken skrivne på det moderne arabiske alfabetet eller den nabateanske forgjengaren, men i variantar av det epigrafiske sørarabiske musnad og begynte i det 8. hundreåret f.v.t. med dei hasaeanske inskripsjonane i det austlege Saudi Arabia, og heldt fram frå det 6. hundreåret f.v.t. med dei lihyanittiske tekstane (i søraustre Saudi Arabia) og dei thamudiske tekstane. Seinare kom safaittiske inskripsjonar (som begynte i det 1. hundreåret f.v.t.) og dei mange arabiske personnamna som er gitt i nabateanske inskripsjonar (som riktignok er skrivne på arameisk). Frå rundt det 2. hundre f.v.t. avslører nokre få inskripsjonar frå Qayat al-Faw (nær Sylayyil) - ein dialekt som ikkje lenger blir rekna som «proto-arabisk», men førklassisk arabisk.

I det fjerde hundreåret hadde dei arabiske kongedøma til lakhmidane i det sørlege Irak og ghassanidane i det sørlege Syria dukka opp rett sør for den fruktbare halvmånen. Dei var konstant i krig og enda opp med å alliere seg med høvesvis sasanidane og Bysantium. Hoffet deira stod bak nokre viktige eksempel på før-islamsk arabisk dikting og på dei få overlevande før-islamske arabiske inskripsjonane i det arabiske alfabetet. Lakhmide-riket vart oppløyst av sasanidane i 602, mens ghassanidane heldt ut til dei vart slukte av ekspansjonen til islam.

I dei 8. og 9. hundreåra skapte arabarane (hovudsakleg umayyadane og seinare abbasidane) eit imperium med grenser som berørte det sørlege Frankrike i vest, Kina i aust, Litleasia i nord og Sudan i sør. Dette var eit av dei største landimperia i historia. Gjennom store delar av dette området, spreidde arabarane religionen islam og det arabiske språket (språket til koranen) gjennom konverteringar og assimilasjon. Mange grupper vart kjende som «arabarar» ikkje gjennom arv men gjennom arabisering. Dermed kom omgrepet arabisk over tid til å bere ei breiare betydning enn det opphavlege etniske omgrepet. Mange arabarar i Sudan, Marokko, Algerie og andre plassar vart arabarar gjennom kulturell samansmelting.

Arabisk nasjonalisme erklærer at arabarar er sameinte i historie, kultur og språk. Arabiske nasjonalistar trur at arabisk identitet dekkjer meir enn ytre fysiske karakteristikkar, rase eller religion. Ein liknande ideologi, pan-arabisme, tar til orde for at alle arabiske land skal samlast til ein stat.

Tradisjonell avstamming[endre | endre wikiteksten]

Arabiske genealogar i mellomalderen delte arabarane inn i tre grupper:

  • Dei «antikke arabiske» stammane som hadde vorte øydelagde eller var forsvunne, som 'ad og thamud. Dei er ofte viste til indirekte i koranen og bibelen som eksempel på Guds makt til å øydeleggje vonde menneske.
  • Dei «reine arabarane» frå det sørlege Arabia som stamma frå Qahtan. Qahtanittane skal ha migrert til landet Yemen etter øydelegginga av Ma'rib Dam (sadd Ma'rib). Qahtanitt-arabarane var ansvarlege for antikke sivilisasjonar i Yemen, inkludert den sabaeanske (kjende i bibelen som oldtidsriket Saba.
  • Dei «arabiserte arabarane» (musta`ribah) i det nordlege Arabia som stamma frå Adnan, som skal ha stamma frå Ismael, den eldste sonen til Abraham og Hagar, gjennom Kedar.

Det arabiske språket slik det blir snakka i dag i klassisk koranisk form var resultatet av ei blanding mellom det opphavlege språket i Qahtan og det nordlege arabiske språket som lånte frå andre nordlege semittiske språk i Levanten.

I jødiske og kristne tradisjonar begynte identifiseringa av ismaelittane, skildra i bibelen som eit folk i den arabiske villmarka, med arabarane seinast på tida til Josefus, og vart standard i dei tidlege dagane til islam. Forsøk på å gjenforeine dei bibelske og arabiske avstammingane seinare førte til identifiseringa av Joktan med Qahtan, truleg pga hans bibelske identifikasjon som forgjengaren til Hasarmavet og Saba.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]