Korpuskelstråle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Korpuskelstråle eller korpuskularstråle er stråling av materielle elementærpartiklar, som elektron, proton, alfapartiklar, nøytron, meson og andre elementærpartiklar. Nemninga er danna som eit motstykke til bølgjestrålar og kan førast tilbake til strida omkring korpuskularteorien til Isaac Newton og bølgjeteorien til Christiaan Huygens for lyset.

Ifølgje kvantefysikken og i samsvar med eksperimentelle resultat har all stråling både bølgje- og partikkelnatur. Som korpuskulstrålar reknast no strålar av partiklar der kvilemassen er ulik null. Slike partiklar rører seg alltid med fart mindre enn lysfarten, og dei kan eventuelt bringast til ro, medan partiklar med kvilemasse null (foton) alltid rører seg med lysfarten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]