Kvilemasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kvilemasse er massen til ein lekam når han ligg i ro i forhold til sitt eige referansesystem. Kvilemassen kan skrivast som m_0 eller m.

Kvileenergien E_0 til ein partikkel er definert som:

\ E_0=m_0 c^2,

der c er lysfarten i vakuu.[1]

I visse formuleringar av den spesielle relativitetsteorien fører auka fart hos ein partikkel til at den totale massen aukar i følgje ein observatør som står i ro. Dette blir derimot først merkbart når partikkelen når ein fart på fleire hundre kilometer per sekund (ca. tusen gonger lydfarten eller nokre promille av lysfarten). Masseaukinga blir forklart i slike formuleringar med at auka fart krev meir energi og i følgje den spesielle relativitetsteorien er all masse ekvivalent med energi.[2]

Partiklar som rører seg med lysfarten, som foton og nøytrino, har ingen kvilemasse.[3]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.prod.sandia.gov/cgi-bin/techlib/access-control.pl/2006/066063.pdf
  2. Hvor mye veier lys?. Illustrert Vitenskap (2003). Vitja 2012-06-29.
  3. hvilemasse. (28.02.2013) I Store norske leksikon. Henta frå: http://snl.no/hvilemasse