Kostas Karamanlis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kostas Karamanlis
Flickr - europeanpeoplesparty - EPP Congress Warsaw (308).jpg
Verkeleg namn Κωνσταντίνος Αλεξάνδρου Καραμανλής, Konstantínos Alexándrou Karamanlís
Fødd 14. september 1956
Aten
Yrke politikar, advokat
Verv Statsminister i Hellas
Periode 2004-2009
Føregangar Kostas Simitis
Etterfylgjar Georgios Papandreou
Kostas Karamanlis på Commons

Konstantínos Alexándrou Karamanlís, i daglegtale Kóstas Karamanlís (fødd 14. september 1956 i Athen) er ein gresk politikar, og var statsminister i Hellas frå 10. mars 2004 til 6. oktober 2009. Han leier det konservative partiet Nea Dimokratia (Nytt demokrati). Partiet hans fekk 45,4 % av røystene i parlamentsvalet 7. mars 2004, og reint fleirtal i parlamentet med 165 av 300 plassar. Ved valet 16. september 2007 fekk Karamanlis sitt parti på nytt fleirtal, men mindre enn før, med 41,8 % av røystene og 152 plassar i parlamentet, og Karamanlis heldt fram som statsminister.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.