Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Aten
Εθνικόν και Καποδιστριακόν Πανεπιστήμιον Αθηνών
Universität von Athen.jpg
National and Kapodistrian University of Athens Logo (2012).svg
Grunnlagt24. april 1837
StadAthen kommune, Zografou Municipality, Dírfys-Messápia, Dáfni-Ymittós
Studentar70 461

Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, vanlegvis omtalt som berre Universitetet i Athen, er eit gresk universitet som har vore i gang sidan det blei skipa i 1837.[1] Det er den eldste institusjonen for høgare undervising i den moderne staten Hellas.

I dag er universitet den neste største institusjonen for høgare utdanning i Hellas; berre Aristotelesuniversitet i Thessaloniki er større, med over 50 000 studentar. Hovudområdet til universitetet ligg i Ilissia, der fakulteta for vitskap, teologi og filosofi held til. I Goudi finn ein fakultetet for helsevitskap og medisin. Dafni husar undervising i fag som idrett og idrettsvitskap. Fakulteta for mediefag, økonomi, jus og allmenn administrasjon ligg i bygningane i sentrale Aten. Det historiske administrasjonsbygget ligg òg der, i gata Panepistimiou som har namn etter universitet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen blei grunnlagt den 3. mai 1837 og blei då mellombels husa i bygningar teikna av arkitektane Stamatios Kleanthis og Eduard Schaubert. Desse lokala låg ved foten av den nordlege skråninga av Akropolis. Dette var det første universitetet ikkje berre i den nyleg etablerte greske staten, men på heile Balkan og den austlege delen av Middelhavet.[2]

Før universitet blei omdøypt for å æra Ioannis Kapodistrias, den første statssjefen i det uavhengige, moderne Hellas, var læresteden kjend som Det ottonianske universitetet etter kong Otto og bestod av fire fakultet: teologi, jus, medisin og filosofi (som òg omfatta anvend forsking og matematikk). Det hadde 33 professorar, 52 studentar og 75 ikkjematrikulerte «revisorar». I november 1841 byrja undervisinga i ein ny bygning utforma av den danske arkitekten Christian Hansen. Bygningen Propylaea (37°58′51″N 23°44′02″E 37°58′51″N 23°44′02″E) var designa av den yngre broren hans, Theophilus Hansen i 1859, men byggeprosjektet blei ikkje fullført før i 1885.[3]

I 1843 bytta universitetet namn til Det nasjonale universitetet. Dagens formelle namn, Nasjonale og Kapodistrias Universitet i Athen, blei vedteke i 1911 etter at forretningsmannen Ioannis Dombolis, som var ein ven av politikaren Ioannis Kapodistrias, skjenka ein stor pengesum til etableringa av eit universitet til ære for Kapodistrias.

På 1960-talet byrja bygginga av campusen til universitetet i forstaden Ilissia. På 2000-talet heldt skulane for filosofi, teologi og vitskap til i dette bygningskomplekset.[1]

Fakultet og avdelingar[endre | endre wikiteksten]

Propylaea, del av «Trilogien» til Theophilus Hansen, var ein gong hovudbygningen til universitetet og fungerer i dag hovudsakleg som seremonihall.
Fakultet for rettsvitskap. Bygningen blei opphavleg bygd i 1930, men ei andre avdeling blei lagt til på 1960-talet. Ei omfattande renovering byrja i 2002 og blei fullført i 2006.[4]

Universitet i Athen er delt inn i «skular» (engelsk schools) og fakultet (engelsk departments). På gresk har ein brukt begrepene «σχολές», «τμήματα» og «τομείς».[5] Lista under bruker fagnemningar som ligg nærast dei tilsvarande nemningane på norske universitet.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «History and Perspectives» (på engelsk). Henta 28. oktober 2020. 
  2. Helt korrekt ble Det joniske akademi etablert som et universitetlignende institusjon på Korfu i 1824 under britisk overherredømme og som kan utfordre kravet om å være det første gresk universitet
  3. Documentation of the Athens Academy public meeting hall[daud lenkje] (PDF)
  4. «Tο υπερσύγχρονο κτήριο της Nομικής Σχολής» (på gresk). Kapodistriako.uoa.gr. 2006
  5. «Schools and Departments». National and Kapodistrian University of Athens (engelsk). Henta 28. oktober 2020. 
  6. «School of agriculture, nutrition and sustainability». Henta 28. oktober 2020. 
  7. «Department of agricultural development, agrofood and management of natural resources». Τμήμα Αγροτικής Ανάπτυξης, Αγροδιατροφής και Διαχείρισης Φυσικών Πόρων (gresk). Henta 28. oktober 2020. 
  8. «School of Theology». National and Kapodistrian University of Athens (engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Theology consists of the Faculty of Theology and the Faculty of Social Theology and the Study of Religion» 
  9. «School of Philosophy». National and Kapodistrian University of Athens (engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Philosophy of the University of Athens is the most populous University School of Greece and consists of 11 Deparments and 15 study halls. The School offers a wide variety of studies in the fields of: classical and modern Greek, linguistics and literature of foreign cultures, classical and modern history, archaeology, pedagogy, psychology, slavic studies, theatrology and music.» 
  10. «Department for Psychology - ΕΚΠΑ: Τμήμα Ψυχολογίας - Αρχική σελίδα». www.psych.uoa.gr. Henta 28. oktober 2020. 
  11. «UoA: Faculty of Philosophy, Pedagogy and Psychology - Homepage». en.ppp.uoa.gr. Henta 28. oktober 2020. 
  12. «baag.uoa.gr». BA in Archeology, History, and Literature of Ancient Greece (engelsk). Henta 28. oktober 2020. 
  13. «School of Economics & Political Sciences». National and Kapodistrian University of Athens (engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Economics and Political Sciences consists of the Deparment of Economics, the Department of Communication and Media Studies, the Deparment of Political Science and Public Administration, the Department of Turkish Studies and Modern Asian Studies, the department of Political Sciences, the Department of Sociology, the Department of Business Administration, the Department of Ports Management and the Department of Digital Art and Cinema» 
  14. «NKUA: Department of Political Science and Public Administration - Homepage». en.pspa.uoa.gr. Henta 28. oktober 2020. «Welcome to the Department of Political Science and Public Administration of the National and Kapodistrian University of Athens» 
  15. «School of Law». National and Kapodistrian University of Athens (engelsk). Henta 28. oktober 2020. 
  16. «School of Science». National and Kapodistrian University of Athens (engelsk). Henta 28. oktober 2020. «The School of Science consists of the following Departments: Biology, Chemistry, Geology and Geoenvironment, History and Philosophy of Science, Informatics and Telecommunications, Mathematics, and Physics.» 
  17. «School of Education». National and Kapodistrian University of Athens (engelsk). Henta 28. oktober 2020. 
  18. «Department of Early Childhood Education» (engelsk). Henta 28. oktober 2020. 
  19. «Department of Primary Education - ΕΚΠΑ: ΠΤΔΕ - Αρχική σελίδα». www.primedu.uoa.gr. Henta 28. oktober 2020. 
  20. «School of Health Sciences». National and Kapodistrian University of Athens (engelsk). Henta 28. oktober 2020. 
  21. «Independent Faculties»[daud lenkje]. uoa.gr.