Hopp til innhald

Kraljevo

Kraljevo
Краљево
Sentrum i Kraljevo
Sentrum i Kraljevo
Sentrum i Kraljevo
Byvåpenet til Kraljevo
Byvåpen
Region
Distrikt
Šumadija og vestlege Serbia
Raška
Flatevidd 1 530 km²
Flatevidd
  By

1530 km²
Innbyggjarar[1]
  By (2022)
  Byområde

110196
57432
Koordinatar 43°43′24.31″N 20°41′13.11″E / 43.7234194°N 20.6869750°E / 43.7234194; 20.6869750
Tidssone UTC+01:00 (UTC)
Postnummer 36000
Retningsnummer (+381) 36
Bilnummer KV
Nettstad: www.kraljevo.org
Plassering av  Kraljevo
Plassering av Kraljevo

Kraljevo (kyrillisk Краљево) er ein by og kommune i Serbia ved elva Ibar, 7 km før ho munnar ut i Zapadna Morava, mellom Kotlenikfjella i nord og Stolovifjella i sør.

I 2022 hadde byen 57 432 innbyggjarar, medan kommunen hadde om lag 110 196 innbyggjarar. Han er det administrative senteret i distriktet Raška. Sjølve byen består av 16 busetjingar.

Han vart tidlegare kalla Rudo Polje (Рудо Поље), Karanovac (Карановац) og Rankovićevo (Ранковићево), og fekk det noverande namnet, som tyder «kongebyen», frå kong Milan (1868-1889).

Historie og attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Ved Žiča kloster ligg Kroningskyrkja, der sju kongar visstnok skal ha vorte krona. Kyrkja er bygd i austromersk stil og hovudtårnet er frå 1210.

Det kjende klosteret Studenica, ligg 39 km sørvest for Kraljevo, grunnlagd av kong Stefan Nemanja i 1190. Han vart sjølv munk her og vart kanonisert som Sankt Simeon.

Befolkningsutvikling

[endre | endre wikiteksten]
Historiske folketal
ÅrFolketal[2]
194875 657
195382 454
196191 580
1971106 153
1981121 622
1991125 772
2002121 707
2011125 488
2022110 196

Busetnader

[endre | endre wikiteksten]

Dei største busetnadane i kommunen er:[2]

Folketal 2002Folketal 2011Folketal 2022
Kraljevo58 84764 17557 432
Žiča3 9824 9724 656
Konarevo3 3723 7453 344
Ratina2 7153 2103 028
Adrani2 1982 2322 562
Mataruška Banja2 7322 9502 432
Kovanluk2 1332 2872 033

Referansar

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]