Kramsach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nikolaus-kyrkja i Kramsach

Kramsach er ein kommune i distriktet Kufstein i forbundslandet Tirol i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 26,9 km² og i kring 4 800 ibuarar. Kramsach omfattar to landsbyar/bygder; Voldöpp og Mariental. Rådhuset ligg i Voldöpp, 520 meter over havet.

Landskapet i Kramsach er dominert av høgfjell i søraust, opp til 1523 moh, mot nordvest er det kupert med ei blanding av bar- og lauvskog.

Kramsach er særleg kjend for sin raudlege marmorstein og sommarturismen, dessutan er tømmer- og glassindustrien viktige næringskjelder.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]