Krimfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krimfjella

Krimfjella (ukrainsk Кримскі Гори, Krymski Hory; russisk Крымские Горы, Krymskije Gory; krimtatarisk Qırım dağları) er ei fjellkjede som går parallelt til søraustkysten av Krimhalvøya i Ukraina, kring 13 km frå sjøen. I vest fell fjella bratt ned mot Svartehavet og i aust glir dei slakt over i eit steppelandskap.

Krimfjella bestrå av tre mindre rekkjer. Den høgaste er Hovudrekkja. Hovudrekkja er delt inn i fleire massiv, kjend som yaylaer (krimtatarisk for fjelleng) eller fjellplatå. Desse er:

  • Baydar Yayla
  • Ay-Petri Yayla
  • Jalta Yayla
  • Nikita Yayla
  • Gurzuf Yayla
  • Babugan Yayla
  • Tsjatyr-Dag Yayla
  • Dologorukovskaya (Subatkan) Yayla
  • Demirji Yayla
  • Karabi Yayla

Den høgaste toppen på Krimhalvøya er Roman-Kosj (ukrainsk og russisk Роман-Кош, krimtatarisk Roman Qoş) i Babugan Yayla på 1545 meter over havet. Andre viktige toppar på over 1200 meter over havet er:

Dei viktigaste fjellovergangane over Krimfjella er:

Elvar i Krimfjella er mellom andre Alma, Tsjernaja og Salhir på nordsida og Utsjan-su på sørsida med Utsjan-su-fossen, som er eit populært turistmål og den høgaste fossen i Ukraina.

Arkeologar har funne dei tidlegare anatomisk modern menneska i Europa i Krimfjella i Buran-Kaja-grottene. Fossila er 32 000 år gammal med lekamar knytte til Gravetti-kulturen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 44°45′N 34°30′E