Krimskrams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Diverse «Krimskrams» til sals i Augsburg.

Krimskrams er eit omgrep som kan nyttast om snirklete skrift, utskorne mønster og likande. Det kan også visa til pynt eller ting som vert oppfatta som oveflødige og unyttige. På tysk kan ordet «Krimskrams» visa til «saker og ting».

Ordet «krimskrams» stammar frå tysk Kram, opphavleg eit ord for varer, typisk av lita verd (jamfør krambu). Førstedelen «krims» har inga tyding, men er ei reduplisering av «krams» med avlyd. Ord av same typen «snikksnakk», «virvar», «tripp trapp», «knick-knack» og «mishmash».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]