Hopp til innhald

Kringkastingsrådet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kringkastingsrådet
Nettstadhttp://www.kringkastingsrådet.no/ Sjå dette på Wikidata

Kringkastingsrådet er eit rådgjevande organ for NRK.

Rådet har til oppgåve å drøfte og uttale seg om hovudlinene i NRK si programverksemd, både innan radio og TV. Dei kan også gje råd i administrative og økonomiske saker. Sakene rådet handsamar kan kome både frå kringkastingssjefen og frå NRK sine sjåarar og lyttarar. Rådet blir slik sett også ein klageinstans. Dei kan også handsame saker som rådet sjølv meiner bør takast opp.

Kringkastingsrådet har møte 8–10 gongar i året. Rådet har 14 medlemmar, med personlege vararepresentantar. 8 av medlemmane blir oppnemnde av Stortinget, 6 av Kongen i statsråd. Eitt av dei 8 medlemmane Stortinget oppnemner er leiar for Samisk Programråd.

For perioden 2022-2025 er leiar for Kringkastingsrådet Snorre Valen.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]