Kristeleg ungdomsskule

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kristeleg ungdomsskule var ein type folkehøgskule som vart etablert i Norge frå 1893 som ein slags parallell til dei grundtvigianske folkehøgskulane som etablerte seg i Danmark frå 1844 og i Noreg i 1864.[1] Dei kristelege ungdomsskulane voks fram med utgangspunkt i N.S.F. Grundtvig og Christen Kold. Særleg var Kold sentral i etableringa av dei kristne skulane.

Amtsskulestyraren Asbjørn Knutsen (1842–1917) skipa den første kristelege ungdomsskulen på Heibø i Heddal i 1893.[1] Han hadde namnet Notodden utvidede praktiske ungdomsskole, og blei seinare til Sagavoll ungdomsskole. Med dette la han grunnlaget for den kristelege ungdomsskulen i Norge. Det var lenge liten kontakt mellom de frilynte folkehøgskulane og dei kristelege ungdomsskulane. Dette motsetningsforholdet kom til ein viss grad til å prege forholdet mellom de to skoleslaga like til samarbeidet om felles lov for folkehøgskular vart tatt opp før og etter den andre verdenskrigen. Datidens fylkesskular (tidl. amtsskular), frilynte folkehøgskular og kristelege ungdomsskular vart samla under felles lovverk frå 1949 og vart til folkehøgskulerørsla slik vi kjenner ho i dag. Nokre av skulane brukte rett nok ungdomsskulenamnet, inntil ny utdanningslov og innføring av ålmenn ungdomsskole i 1969 gjorde at også disse måtte bytte namn til folkehøgskule.

Dei av dagens folkehøgskuler som opphavleg vart etablerte som kristelege ungdomsskular, er i stor grad knytt til Informasjonskontoret for kristen folkehøgskole.

Tidslinje før 1949[endre | endre wikiteksten]

Desse skulane vart etablerte som kristelege ungdomsskular i Norge i tida fram til 1949:

  • 1893: Notodden utvidede praktiske ungdomsskole i Heddal (vart seinare Sagavoll folkehøgskole i Gvarv)
  • 1897: Framnes ungdomsskole i Norheimsund (omgjort i 1993 til Framnes vidaregåande skule)
  • 1899: Fredly ungdomsskole i Trondheim (flytta til Børsa i 1967)
  • 1899: Valdres ungdomsskole i Vestre Slidre (flytta til seinare til Fagernes og i 1911 til Leira)
  • 1901: Oplandenes kristelige ungdsomsskole på Biri (flytta året etterpå til Gjøvik og vart Viken kristelige ungdomsskole; byttet seinare navn til Musikkfolkehøgskolen Viken)
  • 1902: Sunnfjord ungdomsskule i Naustdal (flytta til Førde i 1909)
  • 1908: Sunnmøre ungdomsskule i Ulsteinvik
  • 1912: Sørlandets Kristelige Ungdomsskole på Birkenes (seinare Birkeland folkehøgskole; heiter frå 2010 Folkehøgskolen Sørlandet)
  • 1912: Haugetun ungdomsskole på Rolvsøy
  • 1913: Indremissionens ungdomsskole på Jæderen på Revheim (frå 1919 Solborg folkehøgskole på Tjensvoll)
  • 1913: Danvik kristelige ungdomsskole i Drammen
  • 1913: Nordland indremissionkreds kristelige ungdomsskole i Rognan (seinare Fredheim folkehøgskole, nedlagd i 2001)
  • 1914: Møre ungdomsskole i Nørvasund (seinare Borgund folkehøgskole på Hatleholen; heiter frå 2018 Ålesund folkehøgskole)
  • 1914: Nordhordland ungdomsskole på Frekhaug
  • 1915: Bakketun ungdomsskole i Verdal
  • 1916: Øytun ungdomsskole i Havøysund (flytta til Alta i 1970 og bytta namn til Alta folkehøgskole i 2016)
  • 1916: Heimly ungdomsskole på Finnsnes (nedlagd i 2001)
  • 1917: Rauma ungdomsskole på Hjelset (flytta til Molde i 1919 og bytta namn til Molde folkehøgskole i 2007)
  • 1917: Nordmøre ungdomsskole i Torvikbukt (bytta seinare namn til Høgtun folkehøgskole; heiter frå 2020 Nordvestlandet folkehøgskole)
  • 1918: Bjerkely ungdomsskole på Arneberg
  • 1918: Rødde ungdomsskole i Melhus
  • 1919: Tryggheim ungdomsskole på Nærbø (vart i 1983 omgjort til Tryggheim videregåande skole)
  • 1920: Grenland ungdomsskole på Eidanger
  • 1921: Frikirkens ungdomsskole i Stavern (seinere Fredtun folkehøgskole; heiter frå 2011 Stavern folkehøgskole)
  • 1921: Vestagder ungdomsskole i Kvås (seinare Kvås folkehøgskole, omgjort til videregående skole i 2006, nedlagd i 2008)
  • 1923: Nordfjord ungdomsskole på Vereide
  • 1936: Risøy ungdomsskole for sjømenn i Gjeving
  • 1936: Samisk ungdomsskole i Karasjok (nedlagd i 1985, gjenoppretta i 1991 og nedlagd i 2000)
  • 1936: Sogn ungdomsskule i Balestrand (nedlagd i 1987)

Kristne folkehøgskular etablert etter 1949[endre | endre wikiteksten]

Fleire kristne folkehøgskular er komne til også etter 1949, men desse vart direkte underlagd felles lovverk for folkehøgskular og har difor ikkje vore ungdomsskular. Desse er Lundheim (1952) på Moi, Holtekilen (1958) på Stabekk, Rønningen (1969) i Oslo, Hadsel (1969-1999) på Stokmarknes, Hedmarktoppen (1970) på Hamar, Jeløy (1971) i Moss, Soltun (1971) i Evenskjer, Sandvik (1971) i Mosjøen, Malangsenteret (1988) på Mortenhals, Svalbard (2019) i Longyearbyen og Sjøholt (2020) i Ålesund.

Sjølv om alle skulane formelt vart folkehøgskoler etter 1949, så venta fleire av dei kristelege ungdomsskulane med å gå over til det nye namnet til tidleg i 1970-åra, etter at grunnskulen sitt ungdomssteg hadde fått namnet ungdomsskule.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Klepp, Olbjørn (28. juni 2018). «Folkehøyskole». Store norske leksikon på snl.no. snl.no. Henta 31. oktober 2020.