Kristianhus Båt- og Motormuseum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristian Otterskred som guide på Kristianhus museum.

Kristianhus Båt- og Motormuseum er eit museum som ligg på Vikøyri, sentrum i Vik kommune. Det vart utvikla av Kristian Otterskred frå Arnafjord, ein fjordarm i Sognefjorden, frå 1976 av.[1]

Kristian Otterskred si motorsamling er ei privat motorsamling med omlag 300 registrerte motorar. Om lag 150 motorar er utstilte på Kristianhus Båt- og Motormuseum. Samlinga representerer i hovudsak norskbygde motorar frå perioden 1905-1976. I tillegg er det utstilt fleire båtar og andre fjord og kystrelaterte gjenstandar på museet. Også desse gjenstandane tilhøyrer Kristian Otterskred's Motorsamling. Samlinga er offentleg tilgjengeleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kristianhus Båt- og Motormuseum - Museum in Vik i Sogn, Vik», Sognefjord, arkivert frå originalen 9. juni 2019, henta 27. juli 2019