Kristina Hochmuth

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristina Hochmuth
Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 24. oktober 1946 (75 år)
Zwickau
Idrett handball
Tok del i

kvinnehandball ved sommar-OL 1976, kvinnehandball ved sommar-OL 1980

Utmerkingar

Fedrelandets fortjenstorden i sølv, Hall of Fame des deutschen Sports, Handballer des Jahres

Kristina Hochmuth (fødd 24. oktober 1946) er ein tysk tidlegare handballspelar frå Zwickau som tevla for Aust-Tyskland. Ho vart verdsmeister i 1971, 1975 og 1978. Hochmuth var spelstyrar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Hochmuth spelte på TSC Berlin frå 1965 til 1980. Med klubben frå Aust-Berlin vann ho EHF-cupen i 1978 og EHF-cupvinnarcupen i 1977 og 1979. Elles vart ho aust seriemeister fire gongar og like mange gongar nasjonal cupmeister.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå 1966 til 1980 deltok Hochmuth i 235 landskampar og skåra 880 mål. Ho var ein sentral spelar då Aust-Tyskland vann tre av fire VM-turneringar i tida 1971-78. I Handball-VM 1978 vart ho toppskårar med 41 nettkjenningar. Hochmuth var også med då det austtyske mannskapet sikra seg OL-sølv i 1976 og OL-bronse i 1980.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister: 1971, 1975 og 1978 for Aust-Tyskland
  • OL-sølv: 1976 for Aust-Tyskland
  • OL-bronse: 1980 for Aust-Tyskland
  • Vinnar av EHF-cupen: 1978 med TSC Berlin
  • Vinnar av EHF-cupvinnarcupen: 1977 og 1979 med TSC Berlin
  • Austtysk seriemeister: 1974, 1977, 1978 og 1980 med TSC Berlin
  • Austtysk cupmeister: 1977, 1978, 1979 og 1980 med TSC Berlin

Kjelder[endre | endre wikiteksten]