Kristina Skryppen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristina Skryppen (fødd om lag år 1600) var ei norsk kvinne som i 1663 vedgjekk å ha vore på heksesabbatHornelen. Dette førte til at ho vart brend på bålet saman med fire andre, mellom anna sonen Aksel.

Hekseprosessar[endre | endre wikiteksten]

I heksetrua stod ei heks eller trollkvinne i samband med overnaturlege krefter og kunne føra vondt på folk og fe. I Europa starta hekseforfylgingane på 1200-talet. I Noreg fann desse hekseskuldingane stad i perioden mellom 1560 og 1710. Ofte starta skuldingane med bagatellar, og hadde ingenting med trolldom eller mystiske fenomen å gjera. Det var gjerne fattige og vanskelegstilte som vart skulda for trolldom. 65 menneske vart tiltala for trolldom og brende på bålet i Sogn og Fjordane. Mange av hekseprosessane var i Nordfjord, og Gloppen åleine hadde sju.

Trolldomssak på Gimmestad[endre | endre wikiteksten]

Kristina Skryppen var dotter av Lars Treita, og gift med Nils Skryppen. I tingboka for Gimmestad, Gloppen, kan vi lesa om trolldomssaka mot Skryppen. Systera Kari hadde skulda Kristina og sonen hennar, Aksel, for trolldom. Det blir hevda at ho hadde samband med djevelen, og at ho dreiv med trolldomskunstar.

Krangel om jordleiga[endre | endre wikiteksten]

Mannen til Kristina Skryppen hadde bygsla jord av ein kar som heitte Peder Anderson. Dei to krangla om kor mykje Nils skulle betala i jordleiga. Då Peder vart sjuk, vart det hevda at Kristina hadde skuld i dette. Kristina nekta fyrst at ho hadde gjort Peder vondt. Ho sa at det var ikkje mange kunster ho kunne, berre «lese i salt».

Futen forhøyrde Kristina, og presten formana at ho skulle fortelja sanninga. Då fortalde Kristina at ei trollkvinne hadde kome til Skryppen og bede om hjelp og almisser. Som takk skulle trollkvinna læra Kristina trolldomskunstar. Kvinna gav Kristina ein drikk, noko som endra veremåten til Kristina. Djevelen kom til henne som ein flygande fugl. Han lova å hjelpa henne til godt og vondt. Når ho skulle til Hornelen, fekk ho eit kje å fly på. Kristina og fire av hennar næraste vart dømde til å bli brende på bålet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]