Kristoffer Ajer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristoffer Ajer

Kristoffer Vassbakk Ajer (fødd 17. april 1998) er ein norsk fotballspelar frå Rælingen som sidan 2016 har hatt kontrakt med den skotske fotballklubben Celtic FC. Han er midstoppar og har sidan mars 2018 spelt 19 landskampar for Noreg.

Ajer spelte på IK Start frå 2014 til sommaren 2016. I 2017 spelte han nokre månader på skotske Kilmarnock FC. Sidan fast midstoppar på Celtic FC, skotsk ligameister 2018, 2019, 2020. Også skotsk cupmeister i 2018 og 2019.

Ajer landslagsdebuterte for Noreg 23. mars 2018 då gjestande Australia måtte tole tap 1-4 på Ullevaal stadion i Oslo. Han fekk omgåande fast stopparplass i landslaget, pr oktober 2020 har han spelt 19 kampar utan å skåre mål.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.