Krisztián Berki

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Krisztián Berki


Statsborgarskap Ungarn
Fødd 18. mars 1985 (39 år)
Budapest
Idrett turn
Tok del i

Turn under Sommer-OL 2012 – Bøylehest menn

Utmerkingar

æresborger av Budapest, offiser av Ungarns fortjenstorden

Krisztián Berki (fødd 18. mars 1985) er ein ungarsk tidlegare turnar frå Budapest. Han var spesialist i bøylehest: perioden 2005-14 vart han seks gongar europameister i øvinga, samt trefaldig verdsmeister og i 2012 olympisk meister.

Berki vann gullmedalje på bøylehest ved europameisterskapen i 2005, 2007, 2008, 2009, 2011 og 2012. Etter sølvmedaljar i øvinga ved Turn-VM 2007 og 2009, sikra han seg gullmedaljen under Turn-VM 2010, 2011 og 2014. Også ved Sommar-OL 2012 i London vann han bøylehest-øvinga, hårfint framom arrangørlandets Louis Smith.

I 2016 vart eit bøylehest-element med vanskegrad E kalla opp etter Berki.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]