Kronisk obstruktiv lungesjukdom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kronisk obstruktiv lungesjukdom, ofte forkorta til KOLS, er ein samlediagnose for ei rad nærskylde sjukdommar med kronisk og meir eller mindre irreversibel nedsetjing av lungefunksjonen. Diagnosar som høyrer til under denne samletermen inkluderer kronisk astmatisk bronkitt, kronisk bronkitt med obstruksjon, bronkiektasi og lungeemfysem.

KOLS blir ofte utløyst av vedvarande irritasjon av luftvegane. Den vanlegaste årsaka er tobakksrøyking, og tilstanden blir difor ofte kalla «røykjarlunge». Men sjukdommen kan òg vera arveleg (t.d. som resultat av α₁-antitrypsinmangel) og/eller ha samanheng med anatomiske faktorar som t.d. tønnebryst (auka AP-diameter), fuglebryst (pectus carinatum) eller traktbryst (pectus excavatum).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kronisk obstruktiv lungesjukdom